For at Fjord1 skal halde fram med å levere samfunnsnyttige og berekraftige produkt og tenester, må selskapet vere ein påliteleg partnar som bidreg til klimavenlege løysingar. Berekraft er dermed avgjerande for konkurransekrafta til selskapet, og Fjord1 vil derfor setje seg ambisiøse og konkrete mål innanfor dei prioriterte hovudområda. Fjord1 er fast bestemt på å utgjere ein skilnad og vil med dette vere eit førebilete for resten av den maritime næringa.

For Fjord1 vil det seie at ein aktivt fremjar etisk bruk av teknologi, samtidig som vi minimerer miljøavtrykket til selskapet. Saman med samarbeidspartnarane skal Fjord1 utvikle løysingar som har positiv innverknad på samfunnet, og som skaper nye måtar å kompensere for utslepp på.

Eit viktig framsteg innanfor berekraft er den totale reduksjonen av klimagassar, med særleg vekt på energiforbruk og utslepp av CO2/NOx. Gjennom tett samarbeid i næringa, med fartøydesignarar, systemleverandørar og forskingsmiljø, har Fjord1 sett i verk mange tiltak som bidreg til å redusere nivået av klimagassutslepp. Det viktigaste tiltaket har likevel vore å fase ut eldre fartøy med nye, miljøvennlege fartøy samtidig som vi har bygd om eksisterande fartøy. Dette har ført til ein gradvis overgang til ein flåte med null- og lågutsleppsteknologi basert på elektrisk framdrift.

Fjord1 har hausta viktig lærdom frå dei framstega som er gjorde, og er stolt av det arbeidet som er lagt ned for å redusere miljøavtrykket til selskapet. Samtidig er vi opne om at vi framleis har eit stykke att på vegen. Fjord1 ser derfor fram til å ta til å ta fatt på arbeidet med å gjere berekraft til ein endå større del av den overordna strategien vår. Ved å skape positiv endring gjennom den daglege drifta av selskapet kan vi gje eit stort bidrag innanfor berekraftig utvikling.

Les heile kapittelet om samfunnsansvar i årsrapporten side 51-80 her.