Visjon
Fjord1 - Best på miljøvennleg og påliteleg transport.
Fjord1 skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport for våre kundar, oppdragsgjevarar og samarbeidspartnarar.
Gjennom imøtekommande og profesjonell service, skal Fjord1 sine tilsette gjere reisa på fjorden til ein sikker, komfortabel og saumlaus oppleving.
- Vi skal vere best på miljøvennleg transport
- Vi skal gje eigarane våre stabil, god avkastning på investert kapital
- Vi skal halde det vi lovar kundane våre
- Vi skal behandle dei tilsette på ein slik måte at dyktige folk har lyst til å arbeide her
- Vi skal vere ein føretrukken samarbeidspartnar for oppdragsgjevarane våre
- Solide økonomiske resultat, sunn forretningsdrift, kvalitet i alle prosessar
Verdiar

Fjord1 har som mål å vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrukken samarbeidspartnar og ein aktør som fraktar folk trygt over dei norske fjordane. Fjord1 sine verdiar skal difor reflektere kven Fjord1 er, og korleis vi arbeider. Verdiane skal vere rettleiande for korleis Fjord1 sine medarbeidarar skal opptre i kvardagen, både internt og eksternt. På denne måten blir òg verdiane viktige styringsverktøy i kvardagen og dannar grunnlag for selskapet sin identitet.
Selskapet sine verdiar er òg sentrale i arbeidet med å bygge ein sunn og sterk organisasjonskultur. Medarbeidarane har sjølv vore med og utarbeidd selskapet sine verdiar, og dei er i dag godt forankra i alle ledd i organisasjonen.
Verdiane er sentrale for den felles interne kulturen i selskapet, som skal vere trygg, sunn og samlande for alle tilsette. Verdiane er også sentrale i møte med eksterne samarbeidspartnarar, som til dømes leverandørar, oppdragsgjevarar og i møte med våre reisande.