2. desember 1858 starta Nordre Bergenhus Amts Dampskibe med dampskipsrutefart. Dette var eit pionèrtiltak i norsk samferdslehistorie, og var opptakta til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Dette selskapet er i dag ein del av Fjord1, og er landets eldste lokalrutereiarlag.
Fjord1 har ei rik historie når det kjem til ferjefart både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I fylke med lange fjordar og mange øyar, har sjøen og båtrutene vore den viktigaste ferdsleåra heilt fram til i dag.
Mykje har skjedd sidan 1858; teknologien har utvikla seg, og ein har gått frå dampskip til elektriske ferjer. Næringa har utvikla seg, og selskapet har vore gjennom ei rekke ulike periodar; frå fri konkurranse om ferje- og båtruter, til gassferjedrift i Hordaland og Rogaland og etablering av Fjord1, som i dag er størst i landet på ferje- og hurtigbåtdrift.
Ferjenæringa i endring
Den norske ferje- og passasjerbåtmarknaden har gått gjennom ei omfattande konsolidering dei siste åra. Tidlegare har det vore ei rekke aktørar i denne marknaden, men stadig meir konkurranse og utfordringar set høgare krav til selskapa. I dag står ein att med berre fire aktørar i den norske ferje- og passasjerbåtmarknaden; Fjord1, Torghatten, Norled and Boreal Transport. Fjord1 er det største ferjeselskapet, og representerer ein marknadsandel på 50%.
For å vere konkurransedyktig i ei ferjenæring som stadig er i endring, må Fjord1 kunne møte ei rekke utfordringar,- ved brei erfaring frå ferjedrift og marknadskunnskap, stor fleksibilitet i flåten og kapitalstyrke for å nemne noko. Dei statlege krava i dei nye anboda er blitt langt tøffare dei siste åra, og konkurransen spissar seg mellom dei norske aktørane.
Frå offentleg eigarskap til kommersialisering
I perioden fram til slutten av 1990-talet var det offentleg eigarskap i dei fleste selskapa i næringa. Det var ikkje eit mål å tene pengar, og selskapa var kun eit verkemiddel for det offentlege i utviklinga av samferdsletilbodet. Det var ingen konkurranse mellom selskapa i denne perioden.
Stortinget vedtok på slutten av 90-talet å anbodsutsette heile ferjenæringa. Med dette vedtaket gjekk næringa frå å bestå av offentlege verksemder til 100% kommersielle verksemder. Store omstillingsprosessar måtte settast iverk internt i selskapa, og grunna vanskelege kontraktar sleit selskapa med å tene pengar i denne perioden.
Etterkvart vart kontraktene betra gjennom "andregenerasjonskontrakter". Frå ca 2000 og fram til i dag har rammevilkåra stadig blitt betra. I dag har ferjenæringa føreseielege rammevilkår med føreseielege reguleringar. Selskapa konkurrerer på pris og miljø i dei nye kontraktane.
Effektiv drift
Slik Fjord1 ser det, blir vinnarane i framtida det selskapet som tilbyr den mest effektive drifta. Vi ser ei ferjenæring som konverterer til grøn teknologi, og investeringsbehovet i næringa er enormt. I dag er den norske ferjenæringa i verdstoppen med omsyn til teknologi, fartøy, miljø og sikkerheit - og der vil Fjord1 bidra sterkt med å halde denne posisjonen også i framtida.
Ulike eigarskap og namn
Fjord1 har også ei rik historie når det kjem til eigarskap og navn. 9. mai 2001 vart konsernet etablert under namnet Nordvestlandske AS som eit felles eigarselskap for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) og Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF), med hovudkontor i Florø. Sogn og Fjordane fylkeskommune sin eigarandel var på 59 %, medan Møre og Romsdal fylkeskommune eigde 41 %. FSF og MRF eigde også fleire landbaserte transportselskap; mellom anna Mørebil, Nordfjord og Sunnmøre Billag, og Sogn Billag. I desember 2002 presenterte konsernet sin nye identitet, Fjord1, og morselskapet endra navn til Fjord1 Nordvestlandske AS.
I starten av 2005 skjedde ei større omorganisering og navnendring på selskapa i konsernet. FSF bytta navn til Fjord1 Fylkesbaatane, MRF til Fjord1 MRF og Sogn Billag til Fjord1 Sogn Billag.
I 2011 selde Møre og Romsdal fylkeskommune sin eigarandel i Fjord1 til Havila i Fosnavåg. I 2011 gjekk Fjord1 også inn med ein 34 % eigarandel i det nystarta Nettbuss Ekspress AS saman med Nettbuss, for å vidareutvikle selskapa si ekspressbussatsing. Men allereie same året vart det vedteke å selje delar av bussaktivitetane til Nettbuss. Frå nyttår 2012 overtok Nettbuss 51 % av aksjane i Fjord1 Buss Møre, Fjord1 Nordfjord-Ottadalen og Fjord1 Sogn Billag. 31. desember 2012 overtok Nettbuss dei resterande aksjane i selskapa og aksjeposten i Nettbuss Ekspress.
Ved starten av 2012 vart Fjord1 Fylkesbaatane og Fjord1 MRF fusjonert inn i morselskapet Fjord1 Nordvestlandske som endra navn til Fjord1 AS. Datterselskapa opererte separat fram til 23. april. Dermed opererer Fjord1 ikkje lenger som eit konsern, men som eit selskap. I mai 2013 gjekk Fjord1 inn med 34 % eigarandel i WF Holding AS saman med Torghatten ASA og Nordland fylkeskommune, som i september same år overtok 80 % av aksjane i Widerøes Flyveselskap fra SAS, og med ein avtale om å overta resten i 2016.
I november 2015 vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane å selje aksjane sine i Fjord1 til konkurrenten Torghatten ASA. Dette var stikk i strid med selskapsleiinga sine ønskje, og førte til at administrerande direktør og delar av styret valte å gå av. Minoritetseigaren Havila kunne i tillegg komme til å ta avgjerdsla til retten. 14. juli 2016 vart salet av Fjord1 til Torghatten ASA imidlertid stoppa av Konkurransetilsynet.
26. august 2016 vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane samrøystes å selje 26% av aksjeposten sin i Fjord1 til selskapet Havilafjord AS ved Per Sævik. Fylkeskommunen eigde etter dette 33% og Havilafjord AS 67%. 12. mai 2017 kjøpte Havilafjord AS dei resterande 33%.
Oslo Børs i 4 år
15. august 2017 vart Fjord1 notert på hovudlista på Oslo Børs, og gjekk frå å vere eit AS til eit ASA.
Fire år seinare, kjøper investeringsselskapet Havila Holding AS opp Fjord1, og tida på børs er historie.
23.august 2021 vert Fjord1 strøket frå Oslo Børs.