Et om bord - eller ta med

Nylaga mat av høg kvalitet kjenneteiknar Ferdamat-konseptet til Fjord1.

Ferdamat

Med Ferdamat satsar Fjord1 på mat av høg kvalitet, laga av gode lokale råvarer.

Servering om bord

Vi har ein innhaldsrik kafémeny med varme og kalde rettar, påsmurde baguettar og kioskvarer.

Døgnope tilbod

Vi tilbyr eit freistande tilbod av mat og drikke i våre sjølvbetente kioskar



Oppskrifta på Fjord1-svela - Noregs beste svele!

Svela er sjølve signaturproduktet til Fjord1, og i 2019 selde vi 800.000 sveler. Ønskjer du å lage svela sjølv?

Her er oppskrifta:
(Gir ca. 20 sveler)
  • 4 egg
  • 1 liter kulturmjølk
  • 1,5 kopp sukker
  • 1 liter kveitemjøl
  • 75 gram smør
  • 1,5 spiseskje natron
Smørkrem:
  • 100 gram smør (romtemperatur)
  • 60 gram melis
  • 60 gram sukker
Sånn går du fram:
  1. Bland egg og sukker veldig godt.
  2. Smelt smør og bland inn. Ta så i kulturmjølken.
  3. Kveitemjøl blandes inn litt og litt om gangen.
  4. Natron blandes i heilt til slutt. Alt må blandes og røres godt.
  5. La røren stå ei god stund, før steiking på takke eller steikepanne.

Serverast med smørkrem - eller berre brunost.

Fjord1-kokkens hemmelege tips: «Svelerøra blir alltid best ved å lage denne kvelden før. På kjøling om natta. Jo meir egg, dess bedre på smak!»
Fjord1-svela
Ferdamat-logo

Kampanje i våre kioskar akkurat no: