Båtbillett

Kundekort på passasjerbåt

Det fins tre produktvariantar for periodekort:

  • Periodekort Barn (4–16 år)
  • Periodekort Vaksen
  • Periodekort Kombi båt/buss (pris redusert med 25 %, gjeld kun i Florabassenget*)
    *Kombikort for buss-båt-buss-reise, må ein kjøpe kort hos Firda Billag)

Bestill Fjord1-periodekort her

Rabattar på passasjerbåt

Rabattar for passasjerbåt for 2021:

Skule/student

Du får 50 % rabatt på alle strekningar året rundt ved å syne godkjent skule-/studentbevis.

Grupperabatt – lokalbåt

25 % rabatt ved 12 eller fleire reisande. Rabatten gjeld på vaksen- og barnetakst.

Minigrupperabatt – lokalbåt

25 % rabatt på vaksentakst ved å løyse billett for mellom 2 og 11 reisande.

Verdikort – passasjer*

For passasjerar blir det skrive ut verdikort med minsteverdi på 300 kr. Rabatt blir gitt ved bruk og slik at ein oppnår 17 % rabatt i høve full takst på strekninga for vaksen/barn. Rabatten gjeld ikkje honnør.

Verdikort – køyretøy*

Det er ikkje lengre mogleg å kjøpe verdikort for køyretøy.
For å oppnå rabatt som tidlegare må du inngå ein autopass-ferjeavtale. For meir informasjon om dette sjå www.autopassferje.no.

Honnørbillett*

Billett med 50 % rabatt. Ordninga omfattar:
a) personar over 67 år
b) uføre som har uførepensjon etter Lov om folketrygd
c) blinde. Fylgje til blinde som reiser fritt
d) ektefelle / registrert partnar som reiser saman med person som har rett til honnørbillett etter punkta framfor.

Militær-rabatt*

50 % rabatt til vernepliktig mannskap. Vernepliktsbok eller innkallingsordre gjeld som bevis.

Ungdomskortet

Ungdom mellom 16 og 20 år kan løyse ungdomskort for 375 kr for perioder á 30 dager. Plass kan ikkje tingast på førehand. Kortet kostar 100 kr å få laga til (pant). Pant blir krevd ved første gangs kjøp, og ein må ha med passfoto og godkjend legitimasjon som syner alder ved kjøp (pass, bankkort med bilete eller førarkort). Kort kan tingast om bord eller på www.fjord1.no.