Ofte stilte spørsmål

Mange lurar på det same, her er ei oversikt.

Kor lenge kan eg bruke gamalt ferjekort / verdikort?

Gamle verdikort/ ferjekort kan ikkje lengre nyttast. Her kan du lese meir om korleis du får dette refundert.

For å få rabatt som tidlegare må du no teikne ein AutoPass-ferjeavtale. Les meir om dette på www.autopassferje.no.

Korleis kjøper eg billett på ferja eller passasjerbåten?

På ferja:

Ein betaler enten ved at bilen sitt kjennemerke blir registrert med kameraregistrering eller at autopassbrikke blir lest.

Det er ikkje mulig å betale manuelt på fergene.

Ein betaler kun for køyretøy. Passasjer er gratis, dette gjelder både dei som er passasjerar i køyretøy og dei som kjem til ferjekaia på andre måtar.

 Med fergeavtale eller autopassbrikke registrert på kjennemerket får ein rabatt på fergereisa.

  • Forskotsavtale på www.autopassferje.no som gir inntil 50 % rabatt
  • Autopassbrikke gir 10 % rabatt. Brikke kan bestillast på www.autopass.no
  • Registrer bankkort eller kredittkort på www.ferrypay.no. Gir ikkje rabatt, men ein unngår fakturagebyr

Dei trafikantane som ikkje har rabattavtale eller har registrert seg på ferrypay.no vil få ettersendt faktura pr. post for det reisa kostar, med eit fakturagebyr på 70 kr.
Faktura vert sendt til registrert eigar av køyretøyet.

På passasjerbåt:
På passasjerbåtar betaler du med kort eller periodekort, verdikort eller ungdomskort.
Her kan du lese meir om dei aktuelle rabattkorta som er tilgjengeleg på hurtigbåt.

AutoPASS-kort (AutoPASS-ferjeavtale) kan også nyttast betalingsalternativ dersom du reiser ifølge med bil.
På passasjerbåtane betaler ein for reisande, bil og gods.

Eg er yrkessjåfør og køyrer termotransport. Kan kjøleanlegget gå under ferjeoverfarten?

Av omsyn til tryggleik og særleg brannfare, skal alle forbrenningsmotorar innmontert i motorvogn eller tilhengar vere stoppa under overfarten. I særlege tilfelle kan likevel skipsførar tillate at andre forbrenningsmotorar enn framdriftsmotor går under overfart. Dersom du treng å ha t.d. kjøleaggregat i gang, ber vi om at du tek kontakt med ferja før planlagt avgang. Særlege plasseringsreglar på ferjedekket vert gjeldande, og sjåfør skal under overfarten føre kontinuerleg tilsyn med køyretøyet.

Eg har funksjonsutfordringar og har vanskeleg for å komme meg fram, kva gjer eg?

Ta kontakt med mannskapet før du køyrer om bord, slik at du får ei god plassering tilpassa dine behov. Om vi er merksam på dette behovet vil vi tilrettelegge for deg etter beste evne.

Eg vil jobbe i Fjord1, korleis går eg fram?

Under ledige stillingar finn du oversikt over alle utlyste stillingar i selskapet.

Kan bilen stå med motor i gang under ferjeoverfarten?

Nei. Av omsyn til tryggleik og særleg brannfare, skal framdriftsmotor alltid vere stoppa under overfarten.

Kan eg ta med dyr om bord i ferja?

Ja, du kan ta med dyr på alle våre samband. Ombord i våre ferjer på Arsvågen-Mortavika må dyr vere att i bilen, eller plassert i bur (som du eventuelt kan låne ombord) under overfarten. Dyr kan ikkje vere med inn i salongen.

OBS: På nedre bildekk på Arsvågen-Mortavika kan ikkje passasjerar sitte i bilen under overfarten. Blir du tilvist denne plasseringa og ikkje ønskjer at dyret skal vere att i bilen aleine, må du ta det med deg i bur til øvre bildekk. 

Kan eg ta med sykkel om bord?

Ja det kan du, men det er ikkje lov å sykle om bord! Du må difor trille sykkelen både ved på- og avstiging.

Kan ferja vente på meg?

Fjord1 har avtale med oppdragsgjevar basert på konkrete avgangstider, og presis avgang er avgjerande for at også etterfølgjande turar får presis avgangstid.

Presis avgangstid er også ein del av servicen som kundar får ved å kome i land til planlagt tid. Vi kan difor normalt ikkje imøtekome ønske frå enkeltkundar som ber skipsførar om å vente.

Korleis finn eg ut om ferja er i rute eller om det har oppstått avvik?

Større avvik i ferjerutene vert kunngjorde på hovudsida på Fjord1.no og på infosida for sambandet. Det blir også kostnadsfritt sendt trafikkmeldingar for enkelsamband via SMS til dei som abonnerer på tenesta. Ein kan også laste ned Fjord1 sin mobilapp med oppdatert informasjon og trafikkmeldingar.

Kunngjering og skilting av ev. omkøyringsvegar er Statens vegvesen sitt ansvar. Informasjon om dette finn du på www.vegvesen.no eller på tlf. 175. Tlf. 175 er også oppdatert på driftsavvik.

Korleis får eg refundert ferjekortet mitt?

For meir informasjon om refusjon av verdikort, klikk her.

Korleis handterer Fjord1 Korona-viruset?

  • Fjord1 følgjer råda frå Folkehelseinstituttet der god handvask med såpe og vatn er eit viktig førebyggande tiltak.
  • Unngå kontakt med sjuke personar, spesielt personar med luftvegssymptom.
  • Unngå å hoste på andre, vask hendene hyppig og grundig.
  • Unngå å reise dersom du er sjuk.
  • Fjord1 følger utviklinga nøye og set i verk tiltak i tråd med råd frå Folkehelseinstituttet
  • Vi oppfordrar alle til å følgje aktivt med på FHI sine nettsider for siste nytt.
  • Sjå oppslag om bord.

Kundekort på passasjerbåt

Det fins tre produktvariantar for periodekort:

  • Periodekort Barn (4–16 år)
  • Periodekort Vaksen
  • Periodekort Kombi båt/buss (pris redusert med 25 %, gjeld kun i Florabassenget*)
    *Kombikort for buss-båt-buss-reise, må ein kjøpe kort hos Firda Billag)

Bestill Fjord1-periodekort her

Kva er autopass for ferje?

Betalingskonseptet «AutoPASS for ferje» skal erstatte den gamle ordninga med verdikort og storbrukarkort.

Ein avtale om AutoPASS for ferjer inneber:

  • Forskottsbetalt avtale som gir 50% rabatt for privat- og 40% rabatt for firma-avtale (17% på personbillettar).
  • Landsomfattande avtale (med visse unntak).
  • På ferjene vil ein ta betalt via AutoPASS-brikke eller AutoPASS ferjekort.
  • På min side på autopassferje.no. kan du følge med gjennomførte reiser, restsaldo og faktura.
  • Ved berre å ha brikke utan ferjeavtale får ein 10% rabatt på brikkesamband

For meir informasjon sjå: www.autopassferje.no

Kva er ein autopass-ferjekonto (autopass-ferjeavtale)?

Når du teiknar ein avtale og betalar på forskot, får du ein AutoPASS-ferjekonto.
Privatkundar kan legge til to køyretøy per ferjekonto. Firmakundar kan legge til så mange dei ønskjer.

På samband som ikkje har innført AutoPASS-brikkebetaling kan ein bruke AutoPASS-ferjekort. Brikka og ferjekortet er knytt opp mot same forskottsavtale.
For meir informasjon om AutoPASS for ferje, sjå www.autopassferje.no eller kontakt Skyttel på tlf. 55 30 00 00.

Kva kostar det for el-bil?

El-bil betalar halv pris av ordinær køyretøypris. El-bil med hengar betalar halv pris av ordinær bil med hengar pris.

Ved bruk av rabattkort/brikke blir det gitt 50 % rabatt i tillegg, dette tilsvarar 25% av ordinær køyretøypris.  

Sjåfør er alltid inkludert i køyretøytaksten.

Kva kostar det med bil og hengar?

For å berekne taksten for bil og hengar tek ein utgangspunkt i biltaksten. Føresetnaden er då at det er snakk om ein personbil under 6 meter og under 3500 kg.

Dersom totallengda på bil og hengar er under 10 meter skal ein gange biltaksten med 2.
Dersom totallengda på bil og hengar er over 10 meter skal ein gange biltaksten med 3. 
Dersom biltaksten inkluderar bompengar skal ein berre legge desse til ein gang.

Døme på utrekning av takst for bil og hengar over 10 meter på sambandet Brekstad-Valset:
Biltakst kr. 145 x 3 + bomp. kr. 79 = totalpris kr 514,- 

Sjå AutoPASS-regulativ for ferjetakster 1. jan 2021, punkt 3.3, for meir informasjon:
https://www.fjord1.no/Kundesider/Billettar/Ferjebillett

Kva kostar ein billett?

Sjå informasjon under kvart enkelt samband for informasjon om billettprisar.

Kva samband har brikke og kva samband har autopass-ferjekonto/avtale?

www.autopassferje.no/ finn du ei oversikt over kva samband som har brikkelesing og kva samband ein kan bruke autopassferjekort.

Rabattar på passasjerbåt

Rabattar for passasjerbåt for 2021:

Skule/student

Du får 50 % rabatt på alle strekningar året rundt ved å syne godkjent skule-/studentbevis.

Grupperabatt – lokalbåt

25 % rabatt ved 12 eller fleire reisande. Rabatten gjeld på vaksen- og barnetakst.

Minigrupperabatt – lokalbåt

25 % rabatt på vaksentakst ved å løyse billett for mellom 2 og 11 reisande.

Verdikort – passasjer*

For passasjerar blir det skrive ut verdikort med minsteverdi på 300 kr. Rabatt blir gitt ved bruk og slik at ein oppnår 17 % rabatt i høve full takst på strekninga for vaksen/barn. Rabatten gjeld ikkje honnør.

Verdikort – køyretøy*

Det er ikkje lengre mogleg å kjøpe verdikort for køyretøy.
For å oppnå rabatt som tidlegare må du inngå ein autopass-ferjeavtale. For meir informasjon om dette sjå www.autopassferje.no.

Honnørbillett*

Billett med 50 % rabatt. Ordninga omfattar:
a) personar over 67 år
b) uføre som har uførepensjon etter Lov om folketrygd
c) blinde. Fylgje til blinde som reiser fritt
d) ektefelle / registrert partnar som reiser saman med person som har rett til honnørbillett etter punkta framfor.

Militær-rabatt*

50 % rabatt til vernepliktig mannskap. Vernepliktsbok eller innkallingsordre gjeld som bevis.

Ungdomskortet

Ungdom mellom 16 og 20 år kan løyse ungdomskort for 375 kr for perioder á 30 dager. Plass kan ikkje tingast på førehand. Kortet kostar 100 kr å få laga til (pant). Pant blir krevd ved første gangs kjøp, og ein må ha med passfoto og godkjend legitimasjon som syner alder ved kjøp (pass, bankkort med bilete eller førarkort). Kort kan tingast om bord eller på www.fjord1.no.

Reiser eg gratis som følgjeperson? Må eg ha følgjekort?

Alle passasjerar reiser gratis på dei riks- og fylkesveg ferjesambanda som Fjord1 opererer.

Elles gjeld følgjande;
Følgjeperson som er passasjer skal alltid reise gratis. Om der er fleire følgjepersonar som er med som passasjerar, skal alle reise gratis. Personar som reiser i følgje skal framvise legitimasjonskort/følgjekort der kommunen stadfestar at vedkomande har trong for ein eller fleire følgjepersonar. Dette gjeld både ved reiser utan bil og passasjer i ordinær bil.

Om følgjeperson er førar av køyretøyet, inngår følgjepersonen i prisen for køyretøyet som det skal reknast ordinær takst for.

Om personen som har behov for følgje er passasjer sjølv, skal vedkommande betale honnørtakst.