Korta gjeld for 30 dagar og er alternativet for dei som reiser ofte i Florabassenget. Dei er bunden til Florabassenget og kan ikkje nyttast på andre samband. Korta gjeld utan øvre grense for alle reiser frå kjøpsdagen og ut dag 30. (Perioden treng ikkje å følgje kalendermånaden).
- Periodekortet må ha påtrykt namn og foto. Bestill kortet her!
-
Ungdomskortet gjeld for eit uavgrensa tal reiser i 30 dagar frå kjøpsdato, og gjeld på alle kollektivreiser i Vestland*. Prisen for ungdomskortet er 370 kroner. Desse korta må ha påtrykt namn og foto, og gjeld for alle mellom 16 og til og med 20 år. Bestill kortet her! * Sjå Kringom.no/ungdomskort for detaljar om kvar ungdomskortet gjeld.
· Ungdomar kan også kjøpe ungdomskort på mobil, ved å bruke appen Skyss Billett. I appen kjøper du billetten som heiter Ungdomsbillett. Les meir om ungdomskort på mobilen på kringom.no/ungdomskort
· Obs: Det er berre Ungdomsbillett frå Skyss billett-app som er gyldig i Sogn og Fjordane. Andre billettar kjøpt i Skyss billett-app er ikkje gyldige på reiser i Sogn og Fjordane.
- Verdikort for lokalbåt er eit alternativet for dei som reiser på ulike samband utan eigen bil eller rutebuss. Kan kjøpast (og nyttast) både på lokalbåt eller buss. Les meir her.
I Florabassenget får og studentar rabatt ved å vise fram gyldig skulebevis.
Bestill korta i skjema over. Seinare påfylling gjer du om bord.