Det er ikkje lengre mogleg å kjøpe verdikort for køyretøy. For å oppnå rabatt som tidlegare må du inngå ein autopass-ferjeavtale. For meir informasjon om dette sjå www.autopassferje.no.
Dette er alternativet for dei som reiser på ulike samband utan eigen bil eller rutebuss. Kan kjøpast på lokalbåt eller buss.
Desse korta gjeld på passasjerbåtane i Florabassenget.
Verdikort kan ikkje lengre nyttast som betalingsmiddel etter 30.06.2019. Kortet refunderast i inntil 3 år etter ovannemnte dato.