Dette reisekortet passar for deg som reiser i Sogn og Fjordane av og til. Kortet gir 17 % rabatt på billettar over minstetakst, for vaksen eller barn.

Verdikortet nyttar du i staden for kontantar, og det gjeld som betaling for reiser på buss* og båt**  i Sogn og Fjordane i Vestland.

Verdikortet er ikkje personleg, noko som betyr at fleire kan dele på eitt verdikort.

Du kan kjøpe verdikort direkte hos billettøren på båten eller med sjåføren på bussen . Verdikort for reiser på berre ferjer, får du kjøpt hos ferjeselskapet.

Verdikortet må fyllast på med minimum 300 kr. kvar gong. Første gong du kjøper verdikortet, må du betale 100 kr i pant for produksjon av kortet. Pant vert redunfert på alle kort som ikkje skal brukast meir, og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje panten refundert.

* Merk: Verdikortet kan ikkje brukast på Vy sine bussavgangar eller på ferjer. Verdikortet kan heller ikkje nyttast på Nor-Way sine ekspressbussar. Det vert ikkje gitt verdikortrabatt på flybuss. Verdikortet gjeld ikkje for bil på lokalbåt eller ferje.